Skicka länk till app

På sporet ABC (NN)


Spel Utbildning Ordspel
Utvecklare: University of Stavanger
Gratis

På sporet-appen er utvikla for å fremje bokstavkunnskap, fonemisk medvit, lese- og staveferdigheit. Appen passar for elevar som er i ferd med å lære seg å lese på nynorsk.

På sporet-appen er utvikla i forskingsprosjektet På sporet ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger, i samarbeid med NettOpp UiS. På sporet-prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, Utdanningsdirektoratet og Lesesenteret.
Appen har talestøtte. Når eleven trykker på ein bokstav eller eit bilete, får ho/han høyre bokstavlyden eller namnet på biletet/objektet. Eleven bør bruke øyretelefonar for å høyre lyden best mogleg og for å halde på konsentrasjonen.

På sporet-appen inneheld 5 små spel:

1 Bokstavmemory (kopling av stor og liten bokstav)
2 Finne ting som byrjar med ein bestemt bokstav
3 Kople bokstav og bokstavlyd
4 Skrive/stave ord
5 Lese ord

Spela bokstavmemory, skrive ord og lese ord har oppgåver fordelt på tre nivå. På sporet-appen bør brukast i korte økter på inntil 10 minutt, gjerne fleire gonger i veka. Det kan vere lurt at eleven vel seg eit nivå i to eller tre spel kvar gong, og at speletida blir fordelt mellom desse.